lørdag 1. januar 2011

NO PLANTAR KVINNA - H.M.Vesaas

No plantar kvinna i verda eit tre.
På kne liksom ein som bed
ligg ho blant restene etter dei mange
som stormen har broti ned.
Påny må ho prøve, om ein gang eitt
får vekse seg stort i fred.
*
Ho set dei utspilte hender mot molda
som ville ho tvinge til ro
den trugande dirring. Å jord, ver still.
ver still, så mitt tre får gro!

Ingen kommentarer: